Pengar frå Suldal gir håp i Zimbabwe (Suldalsposten 25.07.19)

To barneheimer, 101 skulebarn, 20 håp-familiar, 15 håp-jentar og 65 håp-klasse-elevar. Ein non-profit organisasjon som har som mål å gjera barn og familier i Zimbabwe sjølstendige til å stå på eigne bein. Les meir på www.hopeproject.no

To barneheimer, 101 skulebarn, 20 håp-familiar, 15 håp-jentar og 65 håp-klasse-elevar. Ein non-profit organisasjon som har som mål å gjera barn og familier i Zimbabwe sjølstendige til å stå på eigne bein. Les meir på www.hopeproject.no

Heilt sidan starten har privatpersonar, bedrifter og organisasjonar i Suldal støtta arbeidet, og Svendheim vil fortelja kva pengane er blitt til i Afrika.

God hjelp fra Sand skule
Elevane ved Sand skule har støtta prosjektet i fem år og har samla inn nær 200 000 kroner. - Det er heilt fantastisk. Første året gjekk pengane til å byggja den første barneheimen, andre året blei det brønn og tredje og fjerde året kunne me kjøpa møblar og inventar til barneheimen, fortel Svendheim. Dei sist innsamla pengane frå elevane på Sand blei brukte til å gi mikrolån til familiar. På den måten kan dei starta opp si eiga bedrift eller ulike prosjekt.

Barneheimen står ferdig
Mykje har skjedd sidan Svendheim starta arbeidet med femten sponsorar i 2012. - Det heile er ganske surrealistisk, meiner ho og siktar til opninga av den andre barneheimen i månadsskiftet februar/mars. - Nå står to hus ferdige, der det totalt kan bu 20 barn. Det er fantastisk å sjå at barna, som tidlegare budde på gata, nå har det godt i eit flott hus med tilsette som tek vare på dei. Og så er det trygt å veta at skulepengane er dekte. Ingeniører Uten Grenser har sett opp solcellepanel på husa, det veks godt i grønnsakshagen, og barna har eit stort uteområde å boltra seg på.

Vegen vidare
Sjølv om barneheimene nå er i drift, har ikke Svendheim tenkt å gi seg med hjelpearbeidet. Frå å driva med barneheim og hjelp til skulebarn er ho og dei andre i organisasjonen nå i gang med å gi mikrolån til familiar og gatebarn som ikkje bur på barneheimen. - I et land med ei arbeidsløyse på 90 prosent, spelar det ingen rolle om du har skulegang. Ein må vera kreativ for å skapa ei inntektskjelde for seg sjølv og familien. I 2017 starte me med mikrolån og resultatet har vore fantastisk.

- Dei har klart det sjølve
Svendheim fortel om familiar og gatebarn som har klart å flytta inn i leilegheiter der heile familien får plass, der dei har mat på bordet kvar dag og der dei motiverer andre til å gjere det same. - Den største forskjellen me ser ved å starta denne type bistand er motivasjonen og stoltheita dei viser. Dei har ikkje lenger takknemligheitsgjeld til oss, dei har klart det sjølve!

4H i Afrika
Svendheim blir ivrig når det handlar om Zimbabwe. - Dette kan eg snakka om heile dagen. Men eg må få seia noko om 4H også, for me har laga vår eigen Afrika-versjon der me har 60 barn frå lokalsamfunnet med. Å sjå eigarskapen dei har til prosjekta og entreprenør-gløda som dette skapar er heilt fantastisk. Nå jobbar me med å kjøpa ei tomt til eit samfunnssenter, der me skal driva desse nye prosjekta frå, fortel ho, som når dette står på trykk er i Zimbabwe og hjelper til på dei ulike prosjekta.