I MEDIA

Lene jublar for Karpe-pengar: - Dette betyr alt! No kan me kome i gang (Hallingdølen, 18.04.26)

At sjølvaste Karpe støttar hjelpeprosjektet hennar med ein god slant pengar, er neste for godt til å vera sant: - Ganske vilt, seier Lene Tollefsen Rodegård.

Karpe i spektrum

Karpe under ein av dei mange konsertane i Oslo Spektrum, august 2022. No gir dei viktig støtte til Lene Tollefsen Rodegård sitt hjelpearbeid i Zimbabwe. Foto: Privat

– Dette er skikkeleg artig, ja, nesten litt surrealistisk. Karpe er jo kjempesvære, og så støttar dei oss med den nest største summen, seier ei jublande Rodegård.

Ho er ein av nøkkelpersonane i Themba Hope Project, eit hjelpearbeid blant fattige i byen Gweru i Zimbabwe. Sjukepleiaren frå Nesbyen bestemte seg etter å ha besøkt området i 2011. Femten år seinare har og gode vener bygd opp eit stort senter for dei som treng det aller mest, i dette fattigområdet i landets tredje største by.

– Betyr alt

110.000 kroner tikkar inn på kontoen til Themba Hope Project, frå Patel & Abdelmaguid Foundation (PAF). Bak fondet står duoen i Karpe, Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid, som gir bort masterinntektene frå mange av sine største hits. Fondet støttar lokale, nasjonale og internasjonale organisasjonar og prosjekt som jobbar for å betre situasjonen til flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar.

Og tiltak som Themba Hope Project, hjelpeprosjektet drive av Lene Tollefsen Rodegård, Anita Svenheim og Thomas Nordberg.

– Denne støtta betyr alt. No kan me kome i gang med samfunnssenteret me lenge har planlagt, seier Rodegård.

Her takkar ungane i Gweu for pengestøtta frå Karpe:

Video Block
Double-click here to add a video by URL or embed code. Learn more

15 aktive år

Det er ikkje småtteri kva dei tre norske hjelpearbeidarane har fått til i fattigstroket i Gweru desse 15 åra. Barneheim for 20 ungar, med nytt oppgradert solcelleanlegg og nett gjennom samarbeid med Ingeniører ute grenser. Helsestasjon som særleg er retta mot jenter, og ei rekkje mindre tiltak som grønsakhage, brønn, leikeplass, og bålplass.

Sju lokale personar er tilsett for å få det heile til å gå rundt, og organisasjonen betaler skulegang for 150 ungar.

Planlegg samfunnssenter

Neste viktige steg er eit samfunnssenter, som blir hjartet i verksemda. Det er eit stort lyft, ei investering for nærmare 10 millionar kroner. Senteret vil romme klasserom og lokal for kurs og aktivitetar retta mot både unge og vaksne. Målet er å gjera folk sjølvhjelpne på mange område av livet.

Det planlagte samfunnssenteret i Zimbabwe

Slik er Themba Hope Project sitt samfunnssenter tenkt bli sjåande ut. Eit stort lyft til ca. 10 millionar kroner. Foto: Privat

Prosjektet er planlagt i nært samarbeid med Arkitekter uten grenser og Ingeniører uten grenser.

Ein kjem sjølvsagt ikkje langt med 110.000 kroner, men Karpe-støtta er superviktig likevel. Pengane vil gå til å bygge mur rundt senteret, for å sikre det mot beitedyr og tobeinte som ikkje har noko der å gjera. Ikkje minst blir det ei markering av at no går dei frå planlegging til arbeid i terrenget.

– Dette blir det bygningsmessige startskotet. No kjem me i gang og kan begynne å utvikle tomta, seier Rodegård.

En familie i Zimbabwe

Denne familien har fått startlån for å starte butikk. Her står dei framfor butikklokalet sitt. Foto: Privat

– Ser ringverknadene

Themba Hope Project er ein stiftelse, med ein årleg omsetnad på rundt ein million kroner. Gåver frå private og sponsorstøtte utgjer det aller meste. Stiftelsen har så langt ikkje fått noko offentleg støtte. I Nesbyen er det årlege arrangementet «Nesbyen gir tilbake» med andeløp og konsert eit viktig tiltak for å skaffe pengar.

Lene Tollefsen Rodegård er sjukepleiar og står på og tek ekstravakter når ho er i Norge for å skaffe pengar til nye opphald i Zimbabwe. Det gir henne mykje.

Themba teamet samlet i Zimbabwe

Lene Tollefsen Rådgegård fremst til høgre, saman med sine to norske kollegaer Anita Svenheim og Thomas Nordberg, og dei lokalt tilsette ved senteret. Foto: Privat

– Det er no det verkeleg begynner å bli gøy. No ser me ringverknadene, seier ho og fortel om ungar dei har hjelpt frå dei var små som i dag har fullført skulegang og blitt både farmasøyt og lege. Elles stimulerer dei aller mest folk til å lære seg eit fag, som elektrikar eller snikkar, for på den måten å bidra aktivt i lokalsamfunnet.

– Fantastisk det dei gjer

Med støtta frå Karpe kjem stiftelsen ikkje berre i gang med fyrste steget mot eit samfunnssenter. Løyvinga inspirerer også til å stå på vidare.

– Det betyr at du sender varme tankar til Chirag og Magdi i Karpe?

– Definitivt! Det er fantastisk det dei gjer, og det verkar som dei plukkar ut prosjekt som kanskje ikkje har kome gjennom nålauget andre stader. Me set utruleg stor pris på dei!

Karpe diplom fra PAF

Her er besviset. Themba Hope Project får 110.000 kroner frå PAF, fondet til Chirag og Magdi i Karpe. Foto: Privat

– Har du sjølv vore på Karpe-konsert?

– Ja, det har eg, og det blir ikkje siste gong. Kanskje me skal få dei til å spela på neste «Nesbyen gir tilbake», seier Rodegård med eit aldri så lite smil.

– Dei er sjølvsagt velkomne!