Har fått inn 1,2 millionar: – Eg er så utruleg takksam og imponert over sambygdingane mine (Hallingdølen 06.09.21)

Lene Tollefsen Rodegård og Eirik Reime Torberg sende fleire hundre gule endar nedover Rukkedøla laurdag. Foto: Mona N. Stensvold

Lene Tollefsen Rodegård og Eirik Reime Torberg sende fleire hundre gule endar nedover Rukkedøla laurdag. Foto: Mona N. Stensvold

Lene Tollefsen Rodegård er imponert over sambygdingane. Laurdag fekk ho inn over 105 000 kroner til Midlands Children Hope Project.

Det har vorte ein tradisjon med andeløp og konsert i Nesbyen kvar haust. Bak arrangementet står Lene Tollefsen Rodegård og hennar gode hjelparar. Sidan ho fyrst reiste til Zimbabwe i 2013 har ho engasjert seg for å hjelpe fattige og gatebarn i det afrikanske landet. Ho er ein av tre som står bak organisasjonen Midlands Children Hope Project, som får inntektene frå arrangementet.

– Det er overraskande mykje folk i dag. Det går heldigvis greitt å halde avstand når me er utandørs og har parken, sa Rodegård før ho starta det som for mange var dagens høgdepunkt; Andeløpet.

Mykje folk hadde funne vegen til parken i Nesbyen sentrum laurdag. Foto: Mona N. Stensvold

Mykje folk hadde funne vegen til parken i Nesbyen sentrum laurdag. Foto: Mona N. Stensvold

Konseptet er enkelt, du kjøper «lodd» på ei badeand. I år vart det seld 656 andelodd Desse er nummererte og blir sleppt ut i Rukkedøla frå området ved Hallingdal Museum. Så «kappkøyrer» dei nedover elva til mål i elveparken i sentrum.

Hillman Hunters var nokre av musikarane som stod på scena i parken. Foto: Mona N. Stensvold

Hillman Hunters var nokre av musikarane som stod på scena i parken. Foto: Mona N. Stensvold

I år var konserten flytta frå kulturhussalen ut i parken. Det kan bli fast.

– Det blir så god stemning med livemusikk her, og folk kosar seg i sola. Før har eg prøvd å få med nokre meir kjende artistar, men det er minst like bra med dei lokale. Dei er skikkeleg flinke!

Vassmangel og andedrama

Ein tørr sommar skapte utfordringar for arrangørane. Det er lite vatn i Rukkedøla og nede ved målområdet stod vatnet nærast stille før løpet.

– I går kveld kom Vidar Gjestemoen frå brannvesenet og sa; me fiksar det. Han har demma opp vatn i Rukkedøla lenger oppe og har lagt ut slange for å hjelpe til om det ikkje var nok. Nesningane er heilt utrulege når det gjeld å stille opp, seier Rodegård.

Vidar Gjestemoen i brannvesenet hjelpte til med litt meir vatn når endene stoppa opp i elva. Foto: Mona N. Stensvold

Vidar Gjestemoen i brannvesenet hjelpte til med litt meir vatn når endene stoppa opp i elva. Foto: Mona N. Stensvold

Litt nødhjelp på slutten med ein vasslange i elva måtte til for å kåre ein vinnar. Gjestemoen har sjølv vore i Zimbabwe i samband med ein dansefestival dottera og ei dansegruppe var med på for nokre år tilbake. Han er imponert over arbeidet.

Vidar Gjestemoen i brannvesenet måtte i aksjon og hjelpe endene med litt ekstra fart på veg mot mål. Foto: Anna Huseby

Vidar Gjestemoen i brannvesenet måtte i aksjon og hjelpe endene med litt ekstra fart på veg mot mål. Foto: Anna Huseby

– Det er veldig bra det arbeidet ho gjer, så det var ikkje vanskeleg å hjelpe til litt i dag, sa han.

366,64 kr kvar

Sidan Rodegård starta prosjektet i 2014 har det kome inn over 1,2 millionar kroner frå Nesbyen åleine. Det er 366,64 kroner per innbyggar, før årets sum på vel 105 000 kroner er sett inn i reknestykket. Ho blir rørt når ho tenkjer på givargleda i heimbygda.

– Eg er så utruleg takksam og imponert over sambygdingane mine. Det betyr så mykje at dei stiller opp og bidrar slik, frå bedrifter som gir gåver til dei som hjelper til med arrangementet og dei som gir, seier ho.

- Næringslivet i Nes har vore så positive, alle har sagt ja, seier Lene Tollefsen Rodegård. Her i lag med konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg. Foto: Mona N. Stensvold

- Næringslivet i Nes har vore så positive, alle har sagt ja, seier Lene Tollefsen Rodegård. Her i lag med konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg. Foto: Mona N. Stensvold

Totalt var det 69 store og små premiar til årets løp. Hovudpremien på 10 000 kroner må vinnaren bruke hos næringslivet i Nesbyen i løpet av ein time.

Til Norge

Etter åtte år og 19 turar til Zimbabwe ser ho at behovet for hjelp er stort. Pandemien har gjort ein tøff tilvære endå tøffare for mange av dei. Ifølge Rodegård har dei på det verste delt ut meir enn 90 krisepakker med mat, såpe osv. i veka. Støtteordningar eller offentleg hjelp finst ikkje.

– Veldig mange seier dei har valet mellom å gå ut og forsøke å tene nok pengar til å brødfø familien den dagen, og då potensielt få korona. Eller dei kan bli og følge alle koronarestriksjonar, men då risikere å døy av svelt, fortel Rodegård.

Dei siste åra har den store draumen vore å kjøpe ei ny tomt der dei kan bygge eit samfunnssenter. Der vil dei ha klasserom, utsalsstad, helsestasjon, frøbank, resirkuleringsprosjekt og arrangere workshops. Førebels tek papirarbeidet mest tid.

– Men målet er at det skal bli eit slags innovasjonssenter i lokalsamfunnet der alle som vil starte noko eige kan kome og få hjelp og rettleiing, og der vi kan koordinere alle prosjekta våre frå, seier ho.

Lene Tollefsen Rodegård og Eirik Reime Thorberg brenn for å gi ungane i Zimbabwe ein best mogleg kvardag. - Eg håpar verkeleg me får dei til Norge på Norway Cup i løpet av eit par år, seier Thorberg. Foto: Mona N. Stensvold

Per Olav Roe (t.v) og Stein Haga slepper endene ut i Rukkedøla før starten på andeløpet. Foto: Eirik Reime Thorberg

Per Olav Roe (t.v) og Stein Haga slepper endene ut i Rukkedøla før starten på andeløpet. Foto: Eirik Reime Thorberg