Dei fann han på gata som fireåring, no skal laget hans til Norway Cup: – Me skal vinne! (Hallingdølen, 27.07.23)

Lene Tollefsen Rodegård og Tatenda. Foto: Liv Lilleslett

Lene Tollefsen Rodegård er hjelpearbeidar. For 10 år sidan var ho på tur til Zimbabwe. På turen fann dei fireåringen Tatenda på gata, det endra livet til dei begge.

Møtet med Tatenda er mykje av grunnen til at Lene Tollefsen Rodegård frå Nesbyen held fram med hjelpearbeidet, og framleis driv med det i dag. Møtet gjorde sterkt inntrykk på henne.

– Det er ei sterk historie. Eg kunne ikkje berre reise heim att og gløyme. Me fekk Tatenda inn på barneheim og han har vakse opp der, fortel Rodegård.

Forlate av foreldra

Rodegård fortel at Tatenda blei kasta ut på gata av foreldra sine som fireåring fordi han vart sjuk. Dei kunne ikkje ta vare på han.

– Dei trudde det var hiv, men det viste seg at han berre var forkjølt, fortel Rodegård. Ho fekk han inn på ein barneheim. Foreldra kom ikkje for å leite etter Tatenda.

– Han har klart seg bra, trass alt. Det var bra me fann han, han hadde ikkje overlevd på gata.

Rodegård fortel at han blei tatt vare på av dei eldre gategutane. Dei stal mat til han.

– Dei hadde aldri sett ein så liten gategut før, dei beskytta han, fortel Rodegård.

Rodegård har halde på med hjelpearbeid i over ti år, mykje på grunn av dette møtet. Det er ein stor del av livet hennar. Ho har sett og opplevd mykje, men møtet med Tatenda er spesielt.

– Det kjem eg alltid til å hugse, seier Rodegård.

Lene Tollefsen Rodegård og vesle Tatenda då dei fann han på gata. Foto: Privat

Rodegård fortel at Tatenda var stille, sjenert og redd i starten.

– Han har blitt ein fantastisk fin gut, eg er veldig stolt av han, seier Rodegård.

Ho dreg til Zimbabwe fleire gonger i året, og er der fleire veker om gongen. Då får ho gjort litt mens ho er der.

– Så eg og Tatenda har vore mykje ilag opp gjennom åra, fortel Rodegård.

Bygger samfunnssenter

«Midlands Children Hope Project», som er prosjektet til Rodegård, driv med mykje forskjellig.

I 2014 bygde dei ein ny barneheim med plass til 20 ungar. Rodegård fortel at målet er at dei skal bli sjølvdrivne. Dei har eigen grønsakhage, straum frå solceller og varmt vatn.

Barneheimen vart bygd i 2014. Foto: Privat

Barneheimen vart bygd i 2014. Foto: Privat

– Det har blitt ein heim, seier Rodegård.

Prosjektet driv og eit dagsenter for gatebarn. Dit kan ungane kome og få mat kvar dag. Dei driv og med kurs.

– Me vil gje dei kunnskap, så dei kan kome seg vekk frå gata, seier Rodegård. Dei rekrutterer og ungar frå dagsenteret til barneheimen.

Det nyaste prosjektet er eit samfunnssenter. Rodegård fortel at dei har kjøpt ei tomt på 12.133 kvadratmeter som dei skal bygge på. Senteret skal nyttast til mykje forskjellig. Dei vil ha kontor dei kan drifte prosjekt frå, og starte ein helsestasjon med spesielt fokus på jenter, for å nemne noko.

– Me vil og få til ein utsalsstad kor folk kan selje ting dei har laga, fortel Rodegård.

Dei har og starta eit resirkuleringsprosjekt kor dei resirkulerer plast.

I resirkuleringsprosjektet samlar dei inn plast til resirkulering. Foto: Privat

– Sidan mai i fjor har me samla inn fire tonn plast, fortel Rodegård.

Dei tilbyr og studielån, startlån til familiar og finansierer skulegang for 151 ungar.

Rodegård fortel at dei ikkje gjer jobben heilt åleine:

– Me har fått god hjelp frå Arkitektar utan grenser og Ingeniørar utan grenser til prosjektet, seier Rodegård.

Gjengen frå Zimbabwe er fornøgde med å vere i Norge. Foto: Liv Lilleslett

Norway Cup neste

No er det Norway Cup som står på planen for fotballaget frå Zimbabwe. Dei har gitt seg sjølv namnet «Hope Stars». Dei er 19 gutar i aldersgruppa 15-17 år og to leiarar som har tatt turen til Norge.

– Alle kjem frå ekstrem fattigdom og enkle kår, fortel Rodegård. – Dei har ikkje straum og vatn, og ikkje nødvendigvis mat på bordet kvar dag, seier ho.

Dei får møte ei heilt ny verd. Berre å kunne ta ein varm dusj er nytt for gutane.

– Ting som er heilt kvardagsleg for oss, er stort og overveldande for dei, fortel Rodegård.

Laget frå Zimbabwe er klare for Norway Cup. Foto: Liv Lilleslett

Ho syns det er stas og kunne vise fram nokon av gutane i prosjektet, som særleg nesningane, men og resten av Hallingdal har vore med og støtta.

Gjengen er innstilt på å vinne Norway Cup.

– Dei kjem ikkje heilt frå Zimbabwe for å tape, seier Rodegård med eit smil. Vinnarviljen kan ein ikkje seie noko på.

Tatenda sjølv er glad for å vere i Norge.

– Det er fantastisk! Eg vil spele mitt beste, me skal vinne, seier han.