Konsert gjorde barneheim ferdig (Hallingdølen, 05.09.16)

Tonje Bentehaugen har laga Nesbyen-skiltet som snart vil bli montert på den første ferdigstilte barneheimen i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård held i både prosjektet og mikrofonen. Foto: Lars Olav Renslo

Andeløp og velgjerdskonsertar i Nes har resultert i ein barneheim for ti gatebarn i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård gir seg ikkje med det.

«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Dette er mottoet til sjukepleiar Lene Rodegård Tollefsen som for fjerde gong arrangerte konsert i heimbygda i helga (sjå eigen sak). Inntektene går uavkorta til Midlands Children Hope Project. I helga kom det inn over 140.000 kroner.

– Med pengane frå folk i Nes har me bygt ein heil barneheim, seier ho, entusiastisk. Den første barneheimen får også namnet «Nesbyen».

Barneheim i Zimbabwe

Ho sit sjølv i styret for prosjektet. Målet er å reise seks bygg for å gi husly for kring 60 gatebarn i byen Gweru i Zimbabwe.

Landet, som ein gong var eit av Afrikas rikaste, har store utfordringar etter mange år med vanstyre. Av 15 millionar menneske lever 72 prosent under nasjonal fattigdomsgrense. 25 prosent lever i slummen, viser tal frå FN-sambandet.

Til ein pris på kring 600.000 kroner kan ein få reist eit bygg med plass til ti born. På fire år har givarlystne nesningar gjort nettopp dette.

– Eg er veldig fornøgd og takksam for at folk stiller opp, år etter år.

Det vart samla inn vel 140.000 kroner på Nes i helga. Pengane går til Midlands Children Hope Project. Frå høgre, konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, Anja Tollefsen Rodegård, initiativtakar Lene Tollefsen Rodegård og Elisabet Lerskallen.

Det stoppar ikkje med dette. Neste år er det femårsjubileum.

Tilfeldig engasjement

Det er litt tilfeldig. Sjukepleiaren skulle eigentleg til New York, men før ho kom så langt snubla ho over frivillig arbeid på ein sjukehus i Zimbabwe.

– Å redde helsevesenet var litt ambisiøst, men så såg eg ein barneheim og alt det eg kunne gjere med berre 10.000 kroner, seier ho.

Det vart starten på eit nytt kapittel.

– Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle drive med dette, seier ho som no også har ein bachelor i Afrika-studiar på CV-en.

Passerte på ny hundre tusen

Etter fire år med konsertar i heimbygda begynner det å gå på skjener. Alle som er med stiller opp gratis.

– Eg er ikkje like stressa som før. Det går meir av seg sjølv no.

Sundag gjekk med til å skysse artistar heim, og telje pengar. Eit overslag synte vel 140.000 kroner. Det inkluderer blant anna 57.000 kroner frå andeløpet i Rukkedøla, 20.000 kroner i gåve frå Lions club, 10.000 kroner i gåve frå Nes kommune og 15.000 kroner i billettinntekter frå hundre betalande på konserten. I tillegg resulterte ein konsert i samband med Per Arne Mathismoen sitt 50-årslag i ei gåve på vel 21.000 kroner. Til saman gir det vel 160.000 kroner frå Nes, på få veker.

– Det er sinnssjukt. Neste år, når me har femårsjubileum, håpar me på full sal, seier ho og minner om kor lett det eigentleg er å gjere ein skilnad.

– Eg får det ikkje verre av å gi 200 kroner i månaden. Det er eigentleg det nesningane har gjort.

I månadsskiftet september/oktober reiser Lene Tollefsen Rodegård på ny til Zimbabwe, denne gongen saman med «Ingeniører uten grenser». Ein går snart i gang med planar om å starte på hus nummer to.

Snart vil Nesbyen-skiltet også kome på plass. Med Nesbyen- namnet i Zimbabwe, kan det kanskje også bli nye varmerekordar.