På tur med fotballglede (Hallingdølen, 10.11.18)

Den største skilnaden etter turen ligg hos meg sjølv, seier Eirik Reime Thorberg. 16-åringen brukte haustferien på å hjelpe ungar i Zimbabwe.

Då han vart konfirmert, ynskte han seg korkje pengar, dyre gåver eller fotballtur til England som dei eldre syskena hadde fått.

I staden var draumen ein tur til Zimbabwe for å jobbe på ein barneheim som sambygding Lene Tollefsen Rodegård driv. Gjennom fleire år har ho bygd opp og drive ein barneheim i byen Gweru, gjennom organisasjonen Midlands Children Hope Project.

Årleg har ho arrangert «Nesbyen gir tilbake», som fleire i familien Thorberg har vore med på. Det har inspirert Eirik til å ville bidra.

Lyspunkt

I oktober sette Jan-Eirik Thorberg og sonen Eirik Reime Thorberg seg på flyet. Ei reise på over eit døgn tok dei til barneheimen i Gweru.

Med seg i bagasjen hadde dei fotballdrakter frå heimklubbane Nesbyen og Hallingdal FK, fotballar og anna fotballutstyr. Dei hadde også samla inn pengar, og fått utstyr frå Per Ravn Omdal i fotballforbundet.

– Me hadde med fire–fem koffertar, kring 60 kg med bagasje. Det meste var til barneheimen, men også noko til to skular me besøkte. Drakter frå HFK og Nesbyen var veldig populære.

Store delar av landet er prega av forfall.

– Når me køyrde gjennom landet såg me tydeleg at dei før hadde hatt god standard, på hus og butikkar. Dei var veldig gode i engelsk, dei fleste, og mange hadde utdanning. Men etter 90-talet har mykje forfalle. Det er høg arbeidsløyse i landet, og mange bur i slum.

Før avreisa hadde dei også samla inn pengar gjennom ei nettinnsamling.

– Dei pengane brukte me stort sett til å kjøpe inn mat til barneheimen. Det er rasjonering på mykje, og dei er redde for å gå tom for viktige matvarer. Då me skulle reise heim att, var dei redde for å ikkje ha nok bensin. Det tok til å minke, så Lene og ei til frå barneheimen stod i kø heile natta for å sikre seg drivstoff så me kom oss til flyplassen, fortel Jan-Eirik Thorberg.

Vener

Sjølve barneheimen har høg standard, men området rundt er fattig.

– Av dei største slumområda i Afrika. Området har 100.000 innbyggarar, og arbeidsløysa er på 94 prosent. Det er mange triste skjebner. Stikkorda er alkohol- og rusproblem og HIV. Men det er nesten ikkje kriminalitet, seier Jan-Eirik Thorberg.

Dei var nokre dagar på barneheimen og besøkte skular i området rundt. I tillegg var dei på roadtrip til Victoria Falls. Under vegs stoppa dei i fleire landsbyar. Møta med folk gjorde som regel inntrykk.

– Dei er veldig stolte av det dei har, sjølv om det ikkje er mykje. Me kunne ikkje kome dit og synast synd på dei, for dei er takksame for det dei har. Når me stoppa i ein landsby, kom alle bort og ville helse og vise oss rundt. Me har reist ein del, men eg har aldri vorte møtt slik. Det er varme og fine folk, seier dei.

Frispel

Planen var å drive fotballskule for ungane på barneheimen.

Men dei forstod raskt at måten ein trenar på heime i Norge ikkje fungerer.

– Me enda opp med å berre spele fotball. Det kom ungar frå barneheimen og frå slumområdet rundt, fortel Eirik.

Det var mykje glede, både på og utanfor fotballbanen.

– Alle slepper seg laus på banen. Der kan alle vera med. Dei som ikkje spelte sjølve, heia og song frå sidelina. Eg trudde kanskje fotballen ville vere det beste med turen, men det var like kjekt å berre sitje i sofaen og prate og bli kjent. Dei var veldig nysgjerrige på Hallingdal, og me snappa med folk i Norge.

Fotballdraumen

Den store draumen til Eirik er å invitere ungane frå Gweru til Norway Cup.

Etter besøket i Zimbabwe har han vorte meir overbevist om at det går an å få til. Det er ein lang veg og mykje jobb, men han vil prøve.

– Eg prata med Per Ravn Omdal om det, og han vil hjelpe meg å kome i kontakt med folk som har gjort liknande ting før. Så får eg tips til korleis ein kan gå fram. Eg har så lyst til å gi dei den opplevinga, ikkje berre å spele fotball på skikkeleg bane, men å kome til Norge og sjå korleis det er her. Mange av dei har ikkje vore utanfor landsbyen sin.

Han har jamleg kontakt med fleire av dei han vart kjent med på turen. Dagane etter han kom heim frå Gweru har det vore mange tankar.

– Eg blir utruleg trist når eg tenkjer på at fleire av ungane eg vart kjent med kanskje hamnar i slummen etter kvart. Dei jobbar veldig hardt med skule for å få utdanning, men det er vanskeleg når arbeidsløysa er så høg. Dei er takksam for mat på bordet medan me kanskje heller vil ha noko anna enn me får servert. Den største skilnaden etter turen er nok hos meg sjølv. Eg har vorte mykje meir takksam for kva eg har, seier han.