Alle kan gjere litt (leiar i Hallingdølen, 08.09.16)

«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Det er mottoet til sjukepleiar Lene Tollefsen Rodegård (26) frå Nesbyen. I helga arrangerte ho nok ein konsert der inntektene gjekk til barneheimsbygging i Zimbabwe.

Det starta for fire år sidan. Tollefsen Rodegård som var sjukepleiarstudent skulle ha praksis ved eit sjukehus i Zimbabwe. Eit land som eingong var Afrikas rikaste, men som på grunn av politisk vanstyre er vorte til eitt av dei fattigaste. Over 70 prosent av landets 15 millionar innbyggarar lever under fattigdomsgrensa.

Den unge sjukepleiarstudenten fekk sans for landet. På godt og vondt. Størst inntrykk gjorde dei mange fattige gatebarna. Foreldrelause barn som budde under plastikkposar på gata. «Eg kan ikkje redde alle gatebarna, men eg kan iallfall gjere litt», tenkte Tollefsen Rodegård som reiste heim og arrangerte kyrkjekonsert i Nes kyrkje. Alle inntektene gjekk til Midlands Children Hope Project og til bygging av ein ny barneheim. Eit prosjekt som også blir støtta av den kjende irske rockeartisten Bono.

I helga arrangerte Tollefsen Rodegård den fjerde «barneheims-konserten» i Nesbyen. Og nesningane stilte som alltid opp. Både på konserten og dei andre innsamlingsarrangementa. I tillegg har det strøymt på med pengegåver frå både privatpersonar og lokale lag. Over 600.000 kroner har Tollefsen Rodegård samla inn i heimkommunen desse åra. For pengane er det blitt reist eit nytt barneheims-bygg med plass til 10 gatebarn i byen Gweru. Bygget har fått namnet «Nesbyen». Men målet til Midlands Children Hope Project og Tollefsen Rodegård er seks bygg med plass til 60 gatebarn.

Dette er ei solskinshistorie. Det er ei historie om kva ungt og brennande engasjement kan utløyse av gode krefter og konkrete resultat. I dette tilfellet av gode krefter i ein heil kommune. Dei mange arrangementa har gitt nesningane eigarskap til barneheimsprosjektet.

Sjølvsagt løyser ikkje pengane frå Nes fattigdomsproblema i Zimbabwe. I så måte er det som ein drope i havet. Men pengebidraga er likefullt viktige. Gatebarn i Gweru får eit nytt og fullverdig liv, og ikkje minst – tryggleik. Dette har ein verdi som ikkje kan målast i kroner og øre. Dessutan – i kampen mot fattigdom kan «alle gjere litt». I så måte har Tollfesen Rodegård gått føre som eit godt eksempel. Eit føredøme me andre bør bli inspirert av.