Vil til Norway Cup: – Me treng pengar til pass, flybillettar, vaksinar og visum (Hallingdølen, 07.06.23)

Lene Tollefsen Rodegård drøymer om å gi ungane på barneheimen i Zimbabwe ei oppleving for livet gjennom ein tur til Norge og Norway Cup. Foto: Privat

Lene Tollefsen Rodegård har ein Norway Cup-draum for ungane frå Midlands Children Hope Project.

Då Rodegård frå Nesbyen reiste som frivillig til Zimbabwe for over ti år sidan, snudde det opp ned på livet hennar.

Ho returnerte og bygde opp ein hjelpeorganisasjon. No har ho lyst til å gi ungane frå townshipen i Mkoba ei oppleving for livet.

Ho vil ta dei med på Norway Cup, alt til sommaren. Søknaden vart godkjend i februar, og Norway Cup finansierer alle utgifter knytt til registrering, overnatting, mat og transport i løpet av turneringa. Alt anna må organisasjonen finansiere sjølv.

– Me treng pengar til pass, flybillettar, vaksinar og visum for alle dei 21 personane som skal delta, skriv Rodegård til Hallingdølen.

Ho reknar med ein kostnad på 280.000 kroner totalt, i tillegg til andre ting dei treng, som klede og treningsutstyr.

Støtte frå fleire klubbar

Dei har fått med seg klubbane Hallingdal FK, Grei og Suldal som vennskapsklubbar. Desse skal hjelpe til med treningsutstyr og liknande.

Og planen er at når laget kjem til Norge, skal dei ha nokre dagar før og etter turneringa der dei reiser til Hallingdal og Suldal for å sjå kvar leiarane voks opp.

Kvart år arrangerer Lene Tollefsen Rodegård «Nesbyen gir tilbake», eit innsamlingsarrangement i heimbygda. Foto: Evy Myhre

– Tatenda som me fann på gata fyrste gongen eg var i Zimbabwe skal vere med. Han er mykje av grunnen til at eg starta prosjektet, og det blir ekstra spesielt å gi han moglegheita til å sjå korleis eg voks opp, seier Rodegård.

Mange er fattige

Alle spelarane på laget ho håpar å få med til Norge er i alderen 15 til 17 år.

Zimbabwe er eit land prega av fattigdom og arbeidsløyse. Mange av ungane har ikkje vore utanfor eigen by, langt mindre landegrensene. Ein tur til Norge og fotballturneringa vil gi dei opplevingar på mange plan, meiner Rodegård. Ho påpeiker korleis dei unge deltakarane kan utvikle seg personleg.

– Dei vil få ei forståing for verda utanfor deira eiga lokalsamfunn, og knyte kontakt og vennskap med folk frå resten av verda. Det kan påverke kva val dei tek for framtida, meiner ho.