Paracet skal "virke mot alt" (Hallingdølen, 02.06.13)

Hiv-medisin: Sjukepleiar Lene Rodegård frå Rukkedalen var åtte veker i Zimbabwe nyleg. Åtte veker som forandra alt. Her pakker ho hiv-medisin i lag med ein lokal sjukepleiar.

Dei har berre to diagnosar. Anten har du lungebetennelse – eller så kan det vere alle andre sjukdommar.

Dei små klinikkane har berre sjukepleiarar, og svært sjeldan lege. – Men behandlinga er den same uansett. Om ein har brote armen eller fått hjarteinfarkt. Ein får Paracet, fortel Lene Rodegård.

Sjukepleiaren frå Rukkedalen ristar på hovudet. Ho kjem frå eit land med alt av medisinsk utstyr. I Zimbabwe har dei omtrent ingen ting, sjølv i dei store byane. For Rodegård som reiste ned som frivillig via selskapet Goxplore, vart det eit møte med eit helsevesen på felgen. Attende i utviklingHiv-medisinen blir sponsa av Unicef. – Heldigvis, smiler Rodegård. – Elles ville det vel blitt Paracet på dei også. Ei av oppgåvene var å telje og samle hiv-piller i månadsrasjonar. Rodegård var med på arbeidet på tre klinikkar der nede. Og fekk følge eit helsevesen så ulikt Norge som det går an. Det kostar å oppsøke ein klinikk i Zimbabwe. Pengar dei fleste afrikanarane ikkje har så mykje av. I tillegg har dei lite hjelpemidlar på klinikken. Svært lite medisinar og nesten ikkje utstyr.– Det er veldig trist med tanke på at Zimbabwe var eit velfungerande, rikt afrikansk land, seier Rodegård. Ho fortel litt om korleis det har gått med Robert Mugabe bak roret. Han har klart å segle skuta ut frå roleg farvatn og inn i stormen. I dag er landet prega av økonomisk krise, skyhøg arbeidsløyse og eit autoritært regime som tyner folket. Gjennom landreformen først på 2000-talet tok regjeringa gardane frå dei kvite farmarane. Dermed sende dei Afrikas matfat langt tilbake i utviklinga. Mange av dei utdanna innbyggjarane flykta frå landet. Zimbabwe har hatt stor uro i åra etterpå. – Dei hadde gratis helsevesen og eit utdanna folk. Slik er det ikkje lenger, sukkar Rodegård.

Hiv-positive: Lene Rodegård var med på ein informasjonsdag for hiv-positive ungar. I pausane arrangerte dei norske hjelparane stol-leiken.

Folk er skremde

– Du torde reise ned til Zimbabwe?– Eg visste så lite om det på førehand, men me kjende oss trygge. Me hadde berre ei oppleving som kjendest litt skummel, fortel Rodegård. Ho og ein annan frivillig var på ein klinikk for hivsmitta. Dei sat aleine i eit rom då dei høyrde ei merkeleg buldring. Det synte seg at dei 150 pasientane som sat utanfor sprang vekk i frykt for livet. – Før me fekk sukk for oss gjekk døra opp. Tre skremde menn varsla om ein kar som gjekk rundt og skaut. Det vart nokre skremmande minutt, men så skulle det syne seg at det heile var harmlaust. «Skytinga» kom frå lause straumleidningar som hadde kome borti kvarandre og skapt ein liten eksplosjon. Men alle afrikanarar trudde det dreia seg om skyting. Episoden syner berre litt om kor redde folk er. – Me fekk kjenne veldig på den frykta då. Eg tenkte «herre min, skal eg døy her nede?», fortel Rodegård.

Sjukepleiaren frå Norge sit att med eit inntrykk av at Zimbabwe eigentleg ikkje har noko helsevesen. Ho lurte veldig på korleis sjukepleiarutdanninga er. Ho spurde om å få sjå, og fekk følgje eit førstehjelpskurs. – Dei var veldig opptekne av korleis ein sat når ein gav hjarte- og lungeredning. Dei gav 30 kompresjonar og to innblåsingar. Men dei venta i ti sekund mellom kvar kompresjon, og det var bere så vidt dei trykte, fortel ho.

Rodegård har vore på Madagaskar og sett forholda der, så ho hadde ikkje forventa seg at helsevesenet var på topp. Men å sjå sjukepleiarar vere meir opptekne av Facebook enn pasientane, var ikkje til å sjå på. Ei anna vond oppleving fekk ho då ein ung rullestolbrukar som ho vart kjend med døydde. Han hadde blitt sendt heim med magesmerter – og Paracet.

– Sjukepleiarane må sy og gjere alt. Men å stille diagnosar med så få hjelpemiddel som dei hadde til rådvelde, er ikkje bra. Det blir som ein nybegynnar i pilkast – han treffer veldig sjeldan, seier Rodegård.

Frivillig arbeid

Rodegård reiste til Zimbabwe som frivillig sjukepleiar, og rekna med å lære ein del – spesielt fagleg. Resultatet vart nesten motsett. Ho fann ut at helsearbeidarane i landet har store hol i fagkunnskapen. Ho kom som gjest og observatør, og kunne ikkje seie ifrå der og då. – Eg fekk ikkje jobbe som eg hadde trudd eg skulle, men måtte vere observatør, fortel ho. Rodegård såg fort at klinikkane mangla struktur. Det vart unødig mykje venting og stillstand. – Og svært mange tepausar. Det var ikkje lett å kome inn der med eit hjarteinfarkt om sjukepleiarane hadde tepause, seier ho.

Før reisa hadde ho samla inn nær 10.000 kroner til medisinsk utstyr. – Men eg såg fort at sjukepleiarane ikkje visste korleis dei skulle bruke utstyret. Og det trengst meir enn 10.000 kroner for å rette på forholda der nede, seier Lene Rodegård.

Ho valde i staden å hjelpe dei tre gategutane Blessed, Bailey og Tafadzwa. Dei får no skulegang og skulebøker, uniform og klede, sko og ryggsekker for nokre av pengane ho hadde samla inn.

Dei tre gutane: Gategutane Blessed, Bailey og Tafadzwa har kvar si sterke historie. No har Lene Rodegård sørgd for at dei får skulegang og det dei måtte trenge av klede og bøker.

Lene Rodegård fekk nemleg også vere med som frivillig hjelpar på ein barneheim og eit dagsenter for gatebarn. Dit kjem gatebarna kvar vekedag for å få dagens einaste måltid. Ho gav nokre av pengane til ny vask med reint vatn, høgtalarar, engelske lærebøker, tannbørstar og tannkrem. I tillegg fekk to av dei frivillige som jobbar på senteret støtte til kurs om barns rettar og vern. Ei jente som bur hjå familie får no høve til å gå på skulen. Resten av pengane gjekk til å betale rekningar for straum, internett, telefon og mat.

Dagsenter: Gatebarna kjem til dagsenteret måndag til fredag for å få eit måltid.

Vil tilbake

Lene Rodegård oppsummerer opphaldet som to månader med frustrasjon over alt folk manglar. Spesielt på helsefronten. Men sjølv om opphaldet har kosta henne nær 100.000 kroner i reiseutgifter og tapt arbeidsinntekt, vil ho gjere det igjen. Opphaldet gav mykje. – Eg vil ned att. Eg er ikkje ferdig der. Kan gjere så mykje meir. Eg vil gjerne rydde opp i alt. Men det går jo ikkje. Men det skal så lite til for å gjere ein forskjell. Me i Norge har vunne i Lotto som er fødde her, seier ho.

Løver: Det var tid til mange løvebesøk også under det åtte veker lange opphaldet i Zimbabwe.

Ho budde i Antelope park i Gweru. Her fekk dei og høve til å vandre med løver. Ei stor oppleving. Men det var arbeidet med gatebarna som gjorde mest inntrykk og som ho vil halde fram med. Andre norske frivillige har starta Midlands Children Hope Prosjekt. Her er Rodegård sponsoransvarleg. Ho vil jobbe for at gatebarn i Gweru kan kome på barneheimen Midland Children Hope Center. Der kan dei gå på skule og bli ein del av samfunnet att.

Fire år: Denne vesle guten vart kasta på gata då han vart sjuk. Foreldra hadde ikkje pengar til lege. Lene Rodegård jobbar frivillig for at gatebarna i Gweru, og etter kvart også andre stader, får skule, heim og ein betre kvardag.

– Eg kunne tenkje meg å undervise om ernæring. Hovudretten til dagens to måltid – for dei som har råd til slikt – er ein slags graut av maismjøl og vatn. Lite næring for å seie det slik, seier Rodegård. Zimbabwe har moglegheiter. Men førebels har dei svært lite pengar i statskassa som kjem innbyggjarane til gode. Rodegård legg til at gjennomsnittsalderen i Zimbabwe er 37 år. – Så Mugabe lever på overtid, for å seie det slik, slår ho fast.

Nydeleg: Vesle Nydelig vart født då Lene Rodegård var med på nattskift på ein av klinikkane i Zimbabwe. Dei tre frivillige jentene som var med under fødselen fekk velje namn på veslejenta.

Løver: Det var tid til mange løvebesøk også under det åtte veker lange opphaldet i Zimbabwe.

Gjorde inntrykk: Barn i Zimbabwe.