Barneheim i Zimbabwe (Hallingdølen, 07.12.14)

Før Rodegård og andre frå organisasjonen drog ned til barneheimen førre gong samla dei saman masse klede frå venner og kjenningar, og stappa fire fulle koffertar med ting til barneheimsbarna. Dei laga ein slags «butikk» kor barna kunne gå og velje ut det dei sjølv ønska. (Privat foto).

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Lene Tollefsen Rodegård byggjer barneheim for gatebarn i Zimbabwe.

No i desse førjulstider kan tankane våre gå spesielt til dei som er fattige og slit i kvardagen. Det er mange store og gode hjelpeorganisasjonar som sørger for at mange menneske får hjelp rundt om i verda. Men Hallingdal har og fleire lokale medmenneske som gjer ein spesiell innsats for andre. Me kan gi lokale gåver med meining.

Hus til 60 barn

Ei reise til Zimbabwe endra alt for Lene Tollefsen Rodegård frå Rukkedalen. Ho sa opp jobben som sjukepleiar og bestemte seg for å vie tida si til å hjelpe gatebarn i landet. No, nesten to år seinare, har ho samla inn kring 250.000 kroner frå nesningane til Midlands Children Hope Prosjekt, som driv ein barneheim i Gweru og no er i gang med å byggje ein ny. Rodegård er sponsoransvarleg i organisasjonen, ein jobb ho har ved sida av afrikastudia på NTNU i Trondheim.

Pengane skal gå til å byggje ein barneheim som skal huse 60 barn – 20 jenter og 40 gutar. I dag leiger organisasjonen eit hus, der 28 gutar bur.

– Me kjøpte ei tomt i september som me skal byggje barneheimen på. Dei siste formelle papira er klare i desse dagar, og når dei kjem, kan me starte å bygge. Først skal me byggje ein mur rundt tomta, før me legg inn elektrisitet og vatn og startar på det første av i alt seks hus. Deretter må me byggje ut, alt etter kor mykje pengar me har.

Hønsehus og grønnsakshage

Rodegård seier det kan vere frustrerande å jobbe i eit land som Zimbabwe, der det ofte verkar som at styresmaktene helst jobbar mot deg.

Bilete er teke då Rodegård og resten av dei vaksne tok med barneheimsbarna på restaurant. Ho skriv at dei stappa alle inn i to store minibuss-taxier, eller «combos» som de kallast i Zimbabwe. Barna hadde aldri før køyrt buss og tok derfor helt av. De danset og song hele vegen, og hadde det kjempegøy. Det var også første gangen de var på restaurant, noko som verkeleg falt i smak. Dei var 50 stykke, som alle hadde dobbel porsjon kylling og pommes frites, brus og is til dessert. All maten, inkludert transport til og frå kom på litt over 1000 kroner.(Privat foto).

– Reglane seier til dømes at me ikkje får lov å byggje eit stort hus, men må byggje seks små. Då blir det jo brått mykje dyrare. Me starta også leggje grunnmur på tomta der huset me i dag leiger ligg. Det skulle eigentleg bli barneheimen, men av ulike grunner valde me å i staden byggje hønsehus og legge grønnsakshage på denne tomta, seier ho.

– Men ingen innsamla pengar forsvinn undervegs, legg ho til.

Gravide ungjenter

Ungane ventar mest no berre på at husa blir ferdige. Nokre av dei bur som nemnt i eit leigd hus, medan andre bur på gata og er innom eit dagsenter som organisasjonen også driv. Mange av dei er jenter.

– Dei bur på gata no og nokre har alt blitt gravide eller fått ein liten unge. Dei er 13-14-15 år og har ofte blitt plukka opp av rike gruvemenn som seier dei skal hjelpe dei. Jentene skjønar ikkje at dei blir lurt. Dei treng verkeleg ein plass å bu.

130 sponsorar

Organisasjonen har i dag 130 sponsorar i ni ulike land. Desse gir primært skulepengar til barna, men nokre støttar også ei framtidig universitetsutdanning, medisinske utgifter eller byggeprosessen.

– Me får også inn småbidrag frå folk og arrangement. Til dømes kom det inn 650 kroner frå kafesalet på ei utstilling på Nes. Det er kjempefint – små summar blir veldig store om det er mange av dei.

Alle bidrag hjelp

I 2014 har Rodegård vore fleire turar i Zimbabwe, og ho kjem til å reise ned att ved første høve.

– Korleis kan folk støtte dykk med alternative julegåver?

– På nettsida står det ulike måtar ein kan støtte på. Alle bidrag hjelper – ingen er for små, seier Lene Rodegård.