Har blitt heile Nes sitt prosjekt (Hallingdølen, 11.09.14)

Sjukepleiar Lene Rodegård frå Rukkedalen var åtte veker i Zimbabwe og det forandra alt for henne. Foto: Privat

I fjor samla Lene Tollefsen Rodegård inn nesten 150.000 kroner til gatebarn i Zimbabwe med hjelp frå gåvemilde nesningar. No håpar ho å gjenta suksessen, og kanskje litt til.

Nesningsjenta er prosjektkoordinator i Midlands Children Hope Project, som arbeider for gatebarn i Zimbabwe. I drygt eit år har ho arbeidd med å samle inn pengar til å bygge ei soveavdeling for gatejenter i Zimbabwe. Mellom anna arrangerte ho konsert for ei fullsett Nes kyrkje før jul, noko som drog inn 60.000 kroner til arbeidet.

Badeandrace

Engasjementet starta då ho drog til Zimbabwe for å jobbe som sjukepleiar for eit par år sidan. No trår ho på nytt til med ein innsamlingsaksjon.

– Torsdag arrangerer På Hjørne «quiz med meining» der inngangspengane dei får inn går til prosjektet. På fredag vert det konsert på same plass. Der skal partybandet til samarbeidspartnarane mine Charity Crew og Malin Seline Strandberg spele. På laurdag skal me mellom anna sleppe 500 gule badeender frå museet. Eigaren av den badeanda som flyt i mål fyrst får 10.000 kroner. Vinnaren får då to timar på seg til å bruke opp pengane i dei butikkane som har sponsa oss. Om ein ikkje klarer å bruke opp alt går resten av summen tilbake til prosjektet. Ein kan også velje å donere heile eller deler av summen til prosjektet. Om vinnaren ikkje er til stades går pengane direkte til prosjektet og vedkommande får andrepremien. Me har fått inn masse fine premiar som me vil trekkje frå, seier Rodegård.

Om kvelden vert det familiekonsert med meir veldeldigheitsfokus, også på På Hjørnet. Der spelar heile Charity Crew, Malin Seline Strandberg, Tiende Etasje, Sarah Reenberg-Sandanbråten og Anita Kleppen Nilsen.

60.000 kroner før start

Dei har jobba med å selje badeender, konsertbillettar og skaffe sponsorar i forkant av arrangementet.

– Me har fått inn masse premiar og pengegåver, og har faktisk fått inn 60.000 koner før me har starta.

– Kor mykje håpar du å samle inn denne gongen?

– Eg veit ikkje heilt eg. Det er jo freistande å seie at me vil slå fjoråret, men det var så ekstremt bra og eg tør ikkje heilt å håpe på det.

Dreg snart til Afrika

Det kostar rundt 300.000 kroner å få bygd avdelinga. Alle materialkostnader må importerast og då vert det fort dyrt. Dei begynt så smått med arbeidet før jul, og måndag dreg Rodegård til Zimbabwe saman med to andre frå organisasjonen. Der blir dei i to veker.

– Me vil sikre at pengane blir brukt slik dei skal og alt går etter planen. Det er lettare å snakke med folk ansikt til ansikt enn å ta alt på mail.

– Du er ikkje redd for at folk har blitt «forsynte»?

- Eg har tenkt litt på det, men eg har inntrykk av at folk har blitt endå meir engasjerte og ivrige enn i fjor. No føler eg dette ikkje lenger berre er mitt prosjekt, men heile Nes sitt.