Har samla inn ein kvart million (20.09.14)

«Nesbyen gir tilbake», står det på den store anda midt i flaumparken. Og nesningane gav. Heile 118.000 kroner vart samla inn til gateborn i Zimbabwe.

Lene Tollefsen Rodegård er reine innsamlingsmaskina. På under eitt år har to innsamlingsaksjonar skuffa inn 250.000 kroner – berre frå Nes.

Ikkje rart ho og dei andre i Midlands Children Hope Project jublar.

Før jul i fjor vart det samla inn 130.000 kroner. Det nøyaktige resultatet etter aksjonen forrige helg vart 117.601 kroner.

Kvart million

– Det er heilt utruleg. No er det nokon som blir veldig glade, seier Lene Tollefsen Rodegård.

To innsamlingsprosjekt i Nes på under eitt år har gjeve om lag 250.000 kroner til bygginga av ei soveavdeling for gatejenter i Zimbabwe. Då Hallingdølen fekk fatt i ho tysdag ettermiddag, var det på ei til tider skurrete telefonlinje. Det hadde sin gode grunn.

– Eg har nettopp landa i Zimbabwe. No ventar me på transporten som skal ta oss frå flyplassen, fortel ho.

Lene Tollefsen Rodegård er prosjektleiar i Midlands Children Hope Project.

Ho skal vere i Zimbabwe i to veker saman med to andre representantar for Midlands Children Hope Project. Målet er få bygginga av soveavdelinga på skinnene att.

– Det har vore nokre problem undervegs. No er me her for å få ting meir på plass. Forhåpentlegvis kjem me vidare no, seier ho.

Suksess med ender

Lene Tollefsen Rodegård har også «landa» etter den hektiske to-dagarsaksjonen i Nesbyen fredag og laurdag.

Arrangement med quiz, konsertar og arrangementet laurdag føremiddag i den nye flaumparken vart verkeleg ein suksess med anderacet som eit høgdepunkt. Nesningar kjøpte lodd i hopetal og 500 ender vart sende ut i Rukkedøla ved Hallingdal Museum. Berre i det løpet vart det seld ender for 50.000 kroner. Lene Tollefsen Rodegård har teke to veker fri frå studentlivet, men snart ventar Afrika-studiane på ho ved NTNU i Trondheim. Feltarbeid hjå gateborna er ikkje ein del av studieplanen og gir ingen studiepoeng. Det gir derimot poeng på ein heilt annan skala, den medmenneskelege. I det lange løp er den langt viktigare.